Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) vurderer kvart år kvaliteten på offentlege nettstader. Vurderinga baserer seg på eit kriteriesett innan tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald, og nettstadane får tildelt frå 1 til 6 stjerner som viser resultatet frå vurderinga.
Økokrim fekk prisen for årets statlege nettstad, medan Porsgrunn kommune fekk prisen for årets kommunale nettstad. Prisen for beste tilgjengelege nettstad gjekk til Statens Pensjonskasse.
Nær 700 nettstadar har vore under lupa og vurdert etter Difi sitt kriteriesett. Resultatlista og detaljert resultatrapport for kvar nettstad er på publisert på kvalitet.difi.no/resultat/.
Målet med kåringane er å løfte fram nettstader som bidreg til eit meir tilgjengeleg og brukarretta offentleg informasjons- og tenestetilbod utover det som blir målt gjennom kvalitetskriteria. Gjennom kåringa ynskjer Difi også å fange opp nyskapande initiativ som kan utfordre andre offentlege nettstader i eigen nettstadsutvikling.
Resultata frå årets kvalitetsvurdering vart også presentert på Kvalitetskonferansen 2011.
Publisert 04.12.11