|
Jon Martin Alnes
|
24. mai 2007 19:00:59
Pensjonsreguleringa
Når fagforbund tingar om tariffar, blir eventuell lønsauke gjeven anten som prosenttillegg eller som kronetillegg.
Kronetillegget gjer at høgtlønte og lågtlønte får like stor lønsauke. Prosenttillegget gjer at høgtløna får større lønsauke enn lågtløna. Ergo aukar lønsskilnaden. Det er ikkje uvanleg at lågtlønte i tillegg til prosenttillegget som gjeld alle, får eit særskilt lågtlønstillegg for at lønsskilnaden skal bli mindre.
Når pensjonane skal regulerast, har det til no berre vore tale om prosenttillegg. På det viset blir skilnaden mellom dei med høg pensjon og dei som har låg pensjon, større for kvar pensjonsregulering. Dette trass i at vi har pensjonistar som lever under fattigdomsgrensa, og trass i at det år om anna er stor semje om at "dette må vi gjere noko med."
Vi som har levd lenge, har mange gonger sett at di mindre du veit om eit problem, di lettare er det å finne ei løysing - utan at løysinga alltid treng å vere så god. Kanskje er det slik i dette høvet og, men det kunne vere interessant å høyre kva ein som veit meir om saka, kan fortelje oss om følgjene av at staten sine løyvingar til folketrygd vart fordelt som likt kronetillegg til alle mottakarar. Ville vi fått færre "kollegar" som lever under fattigdomsgrensa - og dermed mindre å skamme oss over - då?
|