Hold Control-/Cmd-tasten nede.
Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Lindås

Frivilligsentralen
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø
Besøksadresse:
Nordhordlandshallen
Juvikstølen 25
5914 Isdalstø
E-post:
Tlf.: 99554540
Kontaktperson:
Per Ole Ekker

Digital Festival

Målsetjinga til staten er at alle innbyggjarar skal beherske nettet og kunne kommunisere elektronisk med det offentlege.

Digital Festival

Målsetjinga til staten er at alle innbyggjarar skal beherske nettet og kunne kommunisere elektronisk med det offentlege. Fleire og fleire offentlege tenester vert digitaliserte og det fordrar at alle kan bruke digitalt utstyr. At nokon står på utsida er ei utfordring for demokratiet. Ei stor gruppe seniorar i Lindås kommune er framleis ikkje på nett.

Frivilligsentralen driv 2 dataklubbar i kommunen i h.h.v. Lindåshallen og Seniorsenteret i Knarvik. Gode frivillige er med som hjelparar. Dette er gode og viktige møteplassar for deltakarane så vel som for hjelparane, som enten er pensjonistar, uføre eller på tilrettelagt arbeid. Nokre av seniorane har også store omsorgsoppgåver i heimen og får seg eit kjærkoment pusterom i ein utfordrande kvardag, samstundes som dei lærer seg å ta del i eit stadig aukande digitalisert samfunn. For fleire genererer desse møteplassane utvida sosialt nettverk og deltaking i frivillege lag i kommunen. Begynnarkurs vert sett i gong innimellom.

Vi arrangerer opne dagar kor alle er hjerteleg velkomne. Her får du møte mange dataaktive seniorar som med eigen erfaring kan fortelje mykje kring digitaliseringa som skjer i landet. Det blir orientering, informasjon, leik og moro og lunsj. Sjå heimesida til Frivilligsentralen i Lindås

Her kan du lese meir om dette. Her er og mange nyttige tips: http://digidel.no/digidelpakkene/

Footer