Møte- og kursaktivitet

Målet med vår møte- og kursaktivitet er å gi medlemmene grunnleggande kunnskap i data slik at dei kan bli fullverdige «digitale borgarar» og delta aktivt i det digitale samfunnet. Møte og kursaktiviteten deler vi i eit haustsemester før jul og eit vårsemester  fram til påske. Fast møte- og kursdag er frå hausten 2026 torsdag annakvar veke.  Medlemmer som deltar på kursdagane har vi delt i to grupper: Ei formiddagsgruppe frå kl. 10:00 til 12:00 og ei ettermiddagsgruppe frå kl. 12:30 til 14:30. Dei som deltar fast på våre møte og kurs betaler ei kursavgift på kr. 350.  Kursdeltakarane må ha smarttelefon og eigen berbar PC.  Vårt kurslokale er møterom A og B i underetasjen i Førdehuset.
Våre instruktørane er frivillige medlemmer i Seniornett Førde, men ein eller fleire gonger i kvart semester inviterer vi «gjesteforelesarar», frå kommunen, biblioteket, ein bank, eller andre med datakunnskap vi kan ha nytte av.  For kvart semester lagar vi eit semesterprogram på grunnlag av arbeidsplanen vedtatt på årsmøtet i Seniornett Førde, og etter drøfting og innspel frå kursdeltakarane. Kontakt til og mellom medlemmene går mykje på e-post i tillegg til vår nettside, men vi har også ei  Hudd-side og ei Facebook-side.