Hold Control-/Cmd-tasten nede.
Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Gloppen

Gloppen frivilligsentral
Firdavegen 16
6823 Sandane
Besøksadresse:
Gloppen frivilligsentral
Firdavegen 16
6823 Sandane
E-post:
Tlf.: 92120505
Kontaktperson:
Synnøve Grane Skaaden og Elfrid Rauset Håheim

Gloppen

Gloppen frivilligsentral
Firdavegen 16
6823 Sandane

Kurs/veiledning

INFO

Seniornett Gloppen er ein frivillig organisasjon (dataklubb) som jobbar for å inkludere seniorane i den digitale kvardagen.
Klubben har tett samarbeid med Frivilligsentralen i Gloppen, som står for den daglege kontakta.
Dataklubben har eige styre med vedtekter og er innmeldt i Brønnøysund registeret.

Sidan starten (11.11.2011) har klubben halde til i lokale til Frivilligsentralen i Firdavegen 16, men etter som fleire har kome til, vart lokala og internett tilkoplinga der for lite. Etter landflyktigheit mellom anna i Sandane skule og kommunestyresalen er vi no kome på plass i Gloppebua i Sandane sentrum.

Sesongen startar i midten av september, og vi held på til månadsskiftet april/mai. Vi har faste klubbdagar ein dag i veka med 2 timar økt kvar gong, med pause mellom øktene
Planane er at vi no skal halde kurs for nybegynnarar ein dag i veka, medan den gruppa som er vande med data frå før har faste møtedagar på tysdagane.
Alle deltakarane har med eigne PC/nettbrett, og i Gloppebua er det montert projektor i taket der instruktørane kan vise oppgåver på lerret.
Den sosiale delen med ½ times kaffipause mellom øktene er ein viktig del av opplæringa

Kva kan vi lære i dataklubben:
• Å bruke internett til å betale rekningar/sjekke kontoen i nettbank er viktige oppgåver å ta fatt på.
• Å skrive, sende, motta og svare på e-postar med og utan vedlegg er viktig å få med seg, samt å kunne sende SMS meldingar.
• Å finne telefonnummer, lese aviser, kommunalt nytt, sjekke heimesider til lag og organisasjonar, kjøpe kino- og teaterbillettar, bestille flyreiser, legge nyttige nettsider på «Favorittar» er også ein del av det som er til nytte.
• Å bruke offentlige etatar som NAV, skatteetaten, digipost og altinn kan vere nyttig
• Å sjekke og bestille reseptar og legetimar (bruke pasientsky, helsenorge.no), lese digitale bøker (eBokBib), kyrkjebøker, slektsgransking, Nasjonalbiblioteket m.m.
• Lære å bruke sosiale mediar som Facebook, Instagram, Tvitter m.m.
• Sjå filmar på YouTube og spele musikk (streame musikk)
• Rediger bilder og installere og slette programmer (appar m.m.)

Footer