Seniornett Valldal er ei lokal avdeling av Seniornett Norge. Våren 2024 har vi samlingar på måndagar, kvar 14. dag. Sjå plan for møta nedanfor. Alle er velkomne til samlingane. Er dette noko for deg, kan du bli medlem og få del i det Seniornett kan yte av tips, rettleiing og assistanse. Velkommen til neste samling.
Møteplass er Biblioteket i Valldal som er ei avdeling av biblioteket i Fjord kommune. Våren 2024 har vi samlingar desse måndagane mellom klokka 1030 og 1230:
• 15.01.2024
• 29.01.2024
• 12.02.2024
• 26.02.2024
• 11.03.2024
• 25.03.2024 (påskeveka)
• 08.04.2024
• 22.04.2024
• 06.05.2024
Tema måndag 11.03.2024 blir m.a.:
- Nytt frå Seniornett
• M.a. deira omtale av NRK-appen og litt meir om bruk av denne.
- Kunstig intelligens er tema i neste medlemsblad (ligg på nettet). Vi ser litt meir på korleis dette kan påverke deler av samfunnet og på oss som individ.
Vis omsyn, vi har framleis virus i omløp. Følg rådet om å halde seg heime om ein ikkje er frisk.
Vel møtt.
Helsing Kjell og Magne