Haustsemesteret 2026

Hovudaktiviteten vår i haustsemesteret er forelesingane kvar torsdag, der kursdeltakarane er delt i to grupper: Ei formiddagsgruppe frå kl. 10.00 til kl. 12.00, og ei ettermiddagsgruppe frå kl. 12.30 til 14.30. Sjå liste: Deltakarar Torsdagar
Etter vedtak på vårt årsmøte i mars, hadde mange forventa at Haustsemesteret 2026 skulle bli ei nyskaping i høve til våre tidlegare semesteropplegg, med mindre forelesing og meir vekt på eigen aktivitet og repetisjon av lært datakunnskap. Noko radikal omlegging, t.d. etter inspirasjon av andre seniornettforeiningar, har ikkje styret lagt opp til, men meiner at vi skal halde fram med forelesingar slik som før, likevel redusert til kurs/møte med instruktør berre annakvar veke. Mellomliggande veker kan interesserte medlemmer møtast  til eigenaktivitet utan instruktør, sjå Kursplan Seniornett Førde, hausten 2026.

I tillegg til hovudaktiviteten gjennomfører vi eit spesielt 6 vekers nybegynnarkurs for medlemmer med noko vidarekommen datakunnskap. Sjå «Kurs» med detaljar om dette.