Hold Control-/Cmd-tasten nede.
Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Ukategorisert

Datakafè 23. februar kl 12 - 14 på Sula bibliotek

Dette er vårt første opne møte i foreininga og vi kallar det “Datakafè”. Det sosiale står sentralt og vi prøver å få til ein møteplass der ein kan lære av kvarandre. Mobil, nettbrett og pc vil vere tema. Samfunnet blir meir og meir digitalisert og vi må lære oss å finne fram. For andre er det hobbyar der ein bruker datautstyr som står i fokus. På dette første møtet må vi finne ut kva som er aktuelt å ta tak i framover. Du som ønsker individuell hjelp kan lufte det med ein av dei frivillige som er på møtet.

Footer