Seniornett Stordal er godt i gang med eit nytt halvår med digital utforsking og kompetanseheving!
Vi samlast på Frivilligsentralen mellom kl 14.00-16.00 på utvalde torsdagar og prøver i felleskap å bli betre til å utnytte alle digitale muligheiter - anten det gjeld mobiltelefon, nettbrett, PC eller TV.
Alle er velkomne - om det så berre er for å stikke innom ein gong for å lære litt om eit interessant tema. Sjå på lista lenger nede om det er noko som kan friste :-)


Seniornett Stordal vart registrert og oppretta av Stordal Frivilligsentral for ca. 10 år sidan, men vi kom ikkje i gang med samlingar før vinteren 2025. Fire frivillige rettleiarar vil gjerne etablere eit utviklande og sosialt datatilbod til seniorane. Det skal leggast stor vekt på grunnleggande digitale ferdigheiter.
Alle samlingane er lagt til Stordal Frivilligsentral på torsdagar mellom kl. 14.00 – 16.00. Det er vaffeldag på Frivilligsentralen på torsdagar, så det borgar for kos…
Alle interesserte seniorar er velkomne til samlingane – gamle og nye! Vi er alle – både rettleiarar og deltakarar – relativt nybegynnarar innan Seniornett å rekne, og dermed i ein spennande læringsfase. Saman kan vi finne fram til ei god organisering og eit aktuelt og spennande innhald.
Vi oppmodar alle deltakarar om å melde seg inn i Seniornett Norge, og på den måten få del i det som Seniornett kan yte av tips, rettleiing og assistanse – i tillegg til at vi som lokalforening får litt pengar i kassa 🙂
Her er datoane for vårhalvåret 2026:
22.januar: Presentasjon av våren, hovudtema; fokus på sikkerheit og vedlikehald på PC og brett/telefon
5.februar: Bruk av smart-TV; streamingtenester, programoversikt, fjernkontrollar, skjermdeling/casting,
26.februar: Bruk av betalingsappar; Coop, Trumf, Easypark + datakafe/individuell hjelp
12.mars: Google foto (bildebehandling og skylagring) + Finn .no (NB! besøk av Seniornett Stranda)
26.mars: Instagram + straumapp; Wattn + datakafe/individuell hjelp
9.april: Slektsforskning – korleis kome i gang? kva kilder finst det? korleis registrere funna? v/Magne Krogh frå Seniornett Valldal.
23.april: Gaming for vaksne 🙂
Presentasjonar frå samlingane kan du finne her:
https://drive.google.com/drive/folders/1QuWX9TgeNvdHsJ6Evm6JvMsgGP8yZ5Hx?fbclid=IwY2xjawJHp4FleHRuA2FlbQIxMAABHUHEbmVf9i-yOLk2SPRnOdorARtYVzwakP62jXhhcGLQuEpZLDhTIp14iw_aem_qpIHuqrW4wTh6hXdEQR6ew