Seniornett Valldal er ei lokal avdeling av Seniornett Norge. Vi held fram med samlingar også våren 2026, på måndagar kvar 14. dag. Nedanfor finn du datoar for samlingane. Alle er velkomne. Du kan komme innom for å finne ut om dette er noko for deg. Om du vil, kan du bli medlem og få del i det Seniornett kan yte av tips, rettleiing og assistanse. Velkommen til neste samling.
Møteplass er Biblioteket i Valldal som er ei avdeling av biblioteket i Fjord kommune. Våren 2026 har vi samlingar måndagar kvar 14. dag mellom klokka 1030 og 1230:
Aktuelle datoar for samlingane:
Januar: 12. og 26.
Februar: 9. og 23.
Mars: 9. og 23.
April: 20.
Mai: 4. og 18.
Juni: 1.
VELKOMMEN TIL SAMLING MÅNDAG 9. MARS
mellom kl. 1030 0g 1230.
TEMA:
• Litt nytt frå Seniornett.
• Korleis laste ned appar (program) på telefon og nettbrett.
• Korleis bruke appar (program) gjennom nettlesaren på ei datamaskin.
• Korles bruke parkeringsappar på nokre av dei mest brukte parkerinsplassane i vårt omrade.
• Tema det blir spørsmål om.
• Om tid, kommunen sin aktivitetskalender.
Dette er plassen for deg om du trenger hjelp knytt til bruk av mobil, nettbrett eller telefon.
NB! TA OGSÅ MED BERBAR DATAMASKIN om du har dette.
Du finn også ei kort orientering og møtetider og program for neste møte på Valldal sine sider på Seniornett.
Dette er plassen for deg om du trenger hjelp knytt til bruk av mobil, nettbrett eller telefon.
NB! TA OGSÅ MED BERBAR DATAMASKIN om du har dette.
Vis omsyn. Vi er vel ikkje ferdig med influensaen enno. Følg rådet om å halde seg heime om ein ikkje er frisk.
Vel møtt.
Mvh Kjell og Magne
