Hold Control-/Cmd-tasten nede.
Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Førde

Seniornett Førde
Tångane 29
6812 Førde
Besøksadresse:
Førdehuset
Angedalsveien 5
6800 Førde
E-post:
Tlf.: 970 20 559
Kontaktperson:
Knut Johan Mikkelsen

Datastove

Førde Pensjonistlag og Seniornett Førde startar opp nytt datakurs 23. oktober 2023. Kurset er på 12 timar fordelt på 4 dagar; 23.10, 30.10. 06.11 og 13.11.

Her kan du melde deg på eit grunnleggande kurs der du kan lære deg å bruke smarttelefon, nettbrett og pc. Formålet med Datastove Sunnfjord er at du som senior, og ikkje er trygg på den nye digitale kvardagen skal bli trygg på å bruke smart-telefon, nettbrett og pc. Her kan du lære deg å finne ut korleis helsenorge:no fungerer på smart-telefon og nettbrett. Du vil lære enkle måtar og kommunisere på og kva det vil seie å vere ein digital borgar i dag.

Kursa våre er på 12 timar og går over 4 dagar. Det vil bli pausar og høve til å bli kjend med andre som også ønskjer å lære meir om data.

Kursavgifta er på 200 kroner og det er ingen medlemskontingent.

Dersom du er interessert kan du ta kontakt med Bjørg Ladehaug, telefon 900 90 760 eller e-post: ladehaug.bjorg@gmail.com for nærare opplysningar eller påmelding. Kursa våre vil vere på inntil 8 deltakarar. Ved full påmelding vil vi sette opp ventelister til nye kurs

Footer