Førde Pensjonistlag og Seniornett Førde startar opp nytt datakurs 23. oktober 2023. Kurset er på 12 timar fordelt på 4 dagar; 23.10, 30.10. 06.11 og 13.11.
Her kan du melde deg på eit grunnleggande kurs der du kan lære deg å bruke smarttelefon, nettbrett og pc. Formålet med Datastove Sunnfjord er at du som senior, og ikkje er trygg på den nye digitale kvardagen skal bli trygg på å bruke smart-telefon, nettbrett og pc. Her kan du lære deg å finne ut korleis helsenorge:no fungerer på smart-telefon og nettbrett. Du vil lære enkle måtar og kommunisere på og kva det vil seie å vere ein digital borgar i dag.
Kursa våre er på 12 timar og går over 4 dagar. Det vil bli pausar og høve til å bli kjend med andre som også ønskjer å lære meir om data.
Kursavgifta er på 200 kroner og det er ingen medlemskontingent.
Dersom du er interessert kan du ta kontakt med Bjørg Ladehaug, telefon 900 90 700 eller e-post: ladehaug.bjorg@gmail.com for nærare opplysningar eller påmelding. Kursa våre vil vere på inntil 8 deltakarar. Ved full påmelding vil vi sette opp ventelister til nye kurs
Mer om Førde
Knut Johan Mikkelsen attvald som leiar. 27 medlemmer møtte på årsmøtet den 13. mars. I styret fekk Knut Johan med seg Atle Øen og Kurt Grønli (attvald), med Helge Kjølstad som varamedlem. Alle val vart gjort einstemmig og utan motkandidatar. Elles vedtok årsmøtet eit par endringar i vedtektene, m.a. endring av §11 "Oppløysing", slik at denne samsvarar med mønstervedtektene til Seniornett,