Hold Control-/Cmd-tasten nede.
Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Gloppen

Seniornett Gloppen
Øvre Nordstranda 367
6823 Sandane
Besøksadresse:
Gloppebua
Grandavegen 24
6823 Sandane
E-post:
Tlf.: 41638055
Kontaktperson:
Johan Moldestad

10 års markering - Seniornett Gloppen.

Feiring av Seniornett Gloppen

 

 

 

SeniorNett Gloppen 10 ÅRS JUBILEUM.
Markeringsfest Gloppebua 16.11.21

Då vi gjekk opp trappa til 2 etasje og steig inn i møtesalen, vart vi møtt med norske flagg og ballongar.
Pynte-gjengen Berit Gloppestad og Liv Øygard hadde gjort ein framifrå jobb.

I tillegg til å skaffe til veie jubileumskake, kaffi og andre godbitar, kunne feiringa starte.

10 års feiring, er ikkje mykje å skryte av når vi blant jubilantene hadde med oss eit oppegåande «bursdagsbarn» på 90 år.
Liv stemde i med bursdagssang og vi andre følgde opp, slik at sangen ljoma ut over dei ca 40 frammøtte.

”90 års barnet” Lasse Solheim fekk ei rød rose, som vi trur han sette pris på.

Neste post på programmet var mimring frå turen til ytre Sogn i 2018. Det vart vist video og bilde frå turen.

Jostein viste video frå frå ein bygdekveld i Hyen, og kunne avslutte med å overraske jubilantene med «live» gitarspel og sang av Asbjørn Yttrdal og Jostein Midtkandal . Dei gjennomførte 2 melodiar til stor applaus.

Odd Eide tok så ordet og gjekk gjennom litt historikk frå då Seniornett Gloppen vart skipa og fram til dags dato.
Han fekk gode innputt frå Kari-Ann Sande og Jon G. Eide.
Det er Frivilligsentralen og Joop Cuppen frå seniornett Norge å takke for at Seniornett Gloppen vart skipa for 10 år sida.

Odd Eide overleverte ei kvit rose til nye og gamle tilsette i Frivilligsentralen i Gloppen som symbol på at vi i seniornett Gloppen set stor pris på arbeidet dei gjer.

Sigtor Tveit tok ordet og fortalte litt om tida i seniornett og på- peika at det ikkje berre er data som er viktig, men også det sosiale. Dette viser den stabile medlems mengda.

Det vart så tid for mat der søgjen gjekk, men med avbrudd av Liv Øygard som framførte 4 morosame dikt/historier, som fall i god smak.

Jon G. Eide kunne ikkje dy seg og fortalte levande om kva som kunne hende når husbonden frå omkring 200 år sidan, gøymde nyfiska hummar i «pissebytta» under senga, utan at kona visste om det.
Feiringa vart avslutta med Nordfjordsangen – på video – framført av Austrheims musikklag.

Odd

Footer