Hold Control-/Cmd-tasten nede.
Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Gloppen

Gloppen frivilligsentral
Firdavegen 16
6823 Sandane
Besøksadresse:
Gloppen frivilligsentral
Firdavegen 16
6823 Sandane
E-post:
Tlf.: 92120505
Kontaktperson:
Synnøve Grane Skaaden og Elfrid Rauset Håheim

Årsmøte 2016

Hei!
Viser til årsmøte i kommunestyresalen den 29.03.16.

Årsmelding for Seniornett Gloppen 2015.

Seniornett Gloppen held i dag sitt fyrste ordinære årsmøte. For å dokumentere starten av frivillig dataopplæring for eldre folk i Gloppen, er det rett å sjå litt bakover i tid.

Frivilligsentralen på Sandane v/Kari Ann Sande og Synnøve Grane Skaaden, såg behovet for IKT-opplæring av seniorar i Gloppen. Etter anonnsering i Firda Tidend fekk interserte melde seg på kurs. Startdato var 11.11.2011. Undervisninga av nybgynnarar var basert på fleire lokale personar som hadde brukbar datakunskaper. Elevar frå Firda Vidaregåande på Data-og Medielinja tok og del i undervisninga av eldre. Opplæringa blei på denne måten sporadisk, vanskeleg og lite effektiv.

Frivilligsentralen såg at det var nødvndig med meir permanent lærarkrefter. Kursdeltakarane vart oppfodra til å finne høveleg og fast datalærar.Odd Magne Eide vart spurd og sa ja til oppgåva. Seinare har og Otto Eide og delteke i opplæringa.

Etter kvart har klubben vår utvikla seg slik vi kjenner den i dag.

Seniornett Gloppen vart skipa ved ekstraordinært årsmøte den 04.02.2015. på Frivilligsentralens lokaler i Firdavegen 16, der 13 medlemer var frammøtte.

På stiftingsmøtet vart Seniornett Gloppen realisert og klubben kom i formelle former. Våre utarbeida vedtekter vart godkjende og nødvendige styremedlemar vald:

  • Styreleiar: Jon G. Styremedlem: Otto Eide og Gjertrud Marie Bøe
  • Valnemd: Lasse Solheim (leiar)
  • Medlemar: Gerd Sørebø og Gudny Eriksmoen
  • Revisor: Sigtor Tveit og Valborg Alander

Det vart og vedteke å registrere klubben i Brønnøysundregisteret. Registringsdato av Seniornett Gloppen er den 13.02.2016. Organisasjonsnummeret vårt er 941 968 267.

Sidan etableringa 4. feb. 2015 og fram til sommarferien 2015 har vi hatt 11 medlems-kurs/møter. Oppstart etter sommarferie var 9. sept. 2015. Fram til i dag 29.03.2016 har vi hatt 24 kursmøter. Sidan skipingsmøtet 4. feb. 2015, har klubben hatt tilsaman 35 samankomstar.

Odd Magne Eide har heile tida vore hovedlærar og gjort ein framifrå jobb. Styret har i denne tidsbolken hatt fleire møter. I tillegg kjem mail og tlf.samtaler. Styret har i samråd kjopt inn ein del nødvendigt undervisningsutstyr i denne perioden.

Alle medlemane har hausten 2015 kjøpt og betalt eigne nettbrett. Sidan er all opplæring i klubben gjort på våre Apple iPad. Desse nettbretta er lettare og meir anvendeleg enn vanlige PC- ar.

Klubben har hatt ein omflakkande tilværelse siste tida. Hovedgrunnen var dårlig nettkapasitet, noko som har vanskeleggjort undervisninga. Vi flytta frå Frivilligsentralen til Sandane Skule og vidare til heradstyresalen i kommunehuset for å utprøve dei stadlige forholda. Den 23. feb. var klubben invitert til Biblioteket v/Ann Kristin Fløtre. Interesant og lærerikt då vi kan låne bøker digitalt heimanfrå. Fram til sommarferien, medio juni mnd. har vi avtalt med kommunen at møteplassen vår blir i kommunehuset på kveldstid (17.30 – 19.30).

Vi er ikkje nøgd med dei stadane og lokala vi hittil har utprøvd. Det strandar både på nettkvalitet og sosiale tilhøve. Vårt store målsetting er å finne eit høveleg lokale der vi styrer oss sjøl. Gloppebua er vår idealplass, der 2. etasje har alt vi treng. Her er godt undervisningslokale med tilkomst til kjøkken og passande lagerrom. Vi kan ha møtetid på formiddagen og styre dag og tid sjøl. Då kan kvar og ein av oss disponere ettermiddag og kveldane etter eige ynskje.

Skal planane våre i Gloppebua realiserast, blir dei årlege driftsutgiftene på næraare kr. 30.000, –

Styret har arbeidt mykje med saka. Vi har inne søknad til kommunen om dekking av årlege driftsutgifter på Gloppebua. Vi treng også midlar til nødvendig undervisningsmatriell. Styret har derfor søkt om økonomisk stønad frå Gloppen Pensjonistlag, Lions og Sp.Banken Sogn og Fjordane. Vi veit enno ikkje om søknadane våre er behandla. I skrivande stund har vi ikkje motteke svar.

Uansett kva utfallet blir, vil vi framleis ha eit godt og tett samarbeid med Gloppen Frivilligsentral. Styret har derfor ein plan B, dersom kommunen ikkje kan påta seg våre eventuelle driftskostnader på Gloppebua.

Det er ikkje mogeleg å sette opp eit realistisk budsjett for komande sesong, då vi ikkje veit hverken inntektspotensiale eller komande utgifter. Målet vårt må likevel være å få disponere eit permanent og egna møtelokale der vi sjølve kan utøve vår noværande og framtidige undervisnings- og sosialbehov.

Sandane 29.03.2016

Styreleiar Jon G. Eide

Footer